torsdag 17. september 2020

Frø frå hagen 2020



Frøa er hausta frå eigen hage, tørk, renska og pakka. Alle er oppgitt med botaniske namn. Er du i tvil om korleis du skal så, finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Bestilling på PM til Kristins Hage&Drivhus Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så her gjeld det å kome først til mølla 😃 Så lenge anna ikkje er nemt så er alle staudar og vil som regel blomstre året etter dei er sådd.


Komplett frøliste finn du nedst på sida.

Pris kr 20,- pr pose til dekking av konvolutter, frøposer, merkelapper ol.
Porto på kr 20.- kjem i tillegg pr forsendelse.
Porto inntil 20 g = 15-20 poser.

Porto frå kr 23,- til kr 55,- for luftløk og bulbiller av kvitløk.

IKKJE ALLE FRØ ER MODNE ENNO. LEGG DU INN BESTILLING NO SÅ PAKKER EG DET SOM ER KLART OG KAN SENDE ALT SAMLA.



STAUDAR OG LITT ANNA.




Allium cernuum - prærieløk.
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juli - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Kan også brukast som matplante.




Allium cernuum mørk lilla - prærieløk. TOMT
Mørker variant av prærieløk. Blomstrar frå juni - august. Omlag 40 cm høg. H 4-5


Allium vineale 'Hair' Strandløk
Flott og spesiell løkplante som frørsår seg sjølv om du ikkje tar bort frøstandane etter blomstring. Her får den så seg fritt :-) Blomstrar mai - juni. Omlag 50 cm høg.



Anisodontea capensis - Blomstrende bjørk
Ein av dei beste blomstrande busker som egnar seg ypperleg ute i krukke. Må overvintre inne. Blomstrar heile sommaren og til ut på hausten. Oppstamma er den berre lekker. Gamal stueplante. 50 - 100 cm høg. Her finn du fleire bilete.



Armeria hybrida - Fjørekoll
Flott staude som også passer i fjellhagen/steinbed. Danner etter kvart små tuer. Omlag 40 cm høg. Blomstrer frå juni - august. Flott rosa farge.




Aquilegia 'Heidi' - Akeleie TOMT
Vakker akeleie med store blomster og lang blomstringstid. Vil etter kvart danne ei stor tue. Frøekte. H8


Aquilegia gul - Akeleie TOMT
Flott gul akeleie med lengre blomstringstid enn dei fleste andre akeleiene eg har. Denne ser ut til å vere frøekte, men eg garanterer ingenting. Uansett så er sjansen for at dei fleste blir lik morplanta ganske stor. H8




Aquilegia kvit - Akeleie
Også denne ser ut til å vere frøekte, men som med den gule, eg garanterer det ikkje 😚 H8. Flotte kvite blomster som lyser godt opp i bedet.

















Astrantia major rosa - Stjerneskjerm. 
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Lekker staude som har blitt ein av mine favorittar. Humlemagnet. H7-8



Astrantia major 'Roma' - Stjerneskjerm. TOMT
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Humlemagnet. H7-8



Astrantia major 'Venice' - Stjerneskjerm. TOMT
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Også godt likt av humlene. H7-8



Astrantia major kvit - Stjerneskjerm
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. H7-8




Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. TOMT
Vakker blomsterrik alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.



Clematis macropetala 'Large Hybrids' Kvit
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Blomstrar i mai - juni. Gruppe 1. H6




Clematis macropetala 'Large Hybrids' Blå
Minst like flott som den kvite. Denne har eg også sådd. Blomstrer mai - juni. Gruppe 1. H6




Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' TOMT
Vakker ridderspore som blir omlag 150 cm høg. Enda flottare enn på bilete. Blomstrar i juli - august. H7.




Delphinium mix 
Miks av blå riddersporer. Omlag 120 cm høge. NB: Farge kan avvike frå bilete. H7




Delphinium elatum 'Misty Mauve' TOMT
Nydeleg ridderspore med ein lekker blålilla farge. H7. Godt likt av humler.




Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik.
Blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. Mørkt bladverk. 2-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvart år. H6


Digitalis purpurea lilla - Revebjelle
Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen og ein skikkeleg humlemagnet! H8



Digitalis purpurea rosa - Revebjelle
Min favorittrevebjelle. Nydeleg rosa farge og høgt elska av humler. To-årig. H8


Digitalis purpurea kvit - Revebjelle
Denne kvite revebjella lyser fint opp i ein mørk krok i hagen. Flott til måneskinnsbedet. Ofte besøkt av humler. To-årig. H8



Dodecatheon meadia - Gudeblom TOMT
Lekker lita staude. Omlag 60 cm høg. Blomstrar i mai-juni. H7






Echinops ritro - kuletistel IKKJE MODNE ENNO
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet. H6 



Echinops ritro - kvit kuletistel. TOMT
Kvit variant av kuletistel. Ikkje så lett å oppdrive i handelen då eg har vore på leiting etter denne lenge utan å lukkast. Blomstrar litt tidlegare enn den blå. Humlemagnet. H6




Erigeron borealis - Bakkestjerne
Lita staude som trives i steinbedet. Omlag 10-20 cm høg. Blomstrar i juni - juli. H8




Eryngium bourgatii - Pyrenestikle IKKJE MODNE ENNO 
Stikler er flotte staudar som eg får meir og meir sansen for. Blå blomstrer som svevar på lange tynne blå stenglar over dei fleste andre staudane i bedet. Blomstrer lenge, frå juli til slutten av september. Omlag 120 cm høg.



Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom
Blomstrar i mai - juni. Omlag 30 - 50 cm høg. Danner etterkvart store tuer som med fordel kan delast. Ein fargeklatt i bedet. H8



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer. Usikker på på kor lang tid det tar før den blomstrar.



Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8




Iris pseudacorus -  sverdlilje.
Blomstrar i juni - juli. Danner kraftige tuer med tett bladverk. Trives overalt i hagen. Omlag120 cm. H8. Ver obs på at alle irisane ikkje blomstrar før 2 - 3 år etter dei er sådd.




Iris sibirica.
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg. Slanke lekre blad. H8






Knautia macedonica 'Crimson Scabious' 
Blomstrar frå juni til september. 60 - 70 cm høg. Flott staude som ofte blir besøk av humler. 
H4-5



















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk.
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.




Lavandula angustifolia - Lavendel
Det er ikkje berre roser som kler lavendel. Den er vakker saman med det meste. Duftar nydeleg og blomstrar frå juli til ut i august. Omlag 40 cm høg. H4




Lavatera thuringiaca - Poppelrose
Flott staude med lang blomstringstid. Omlag 100 - 130 cm høg og blomstrar juli - september. H4




Leontopodium alpinum - Edelweiss
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heile sesongen. H8






























Lilium martagon mix rosa&kvit - Krøllilje TOMT
Juni - juli. Herdig over heile landet. Omlag 100-150 cm høg. Det vil ta nokre år etter såing før dei blomster, men den som venter på noko god, ventar ikkje forgjeves :-) Billeg måte å skaffe seg mange martagonliljer. Hos meg frørsår dei seg villeg.




Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst like flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg. H7



Lythrum salicaria 'Rosy Gem' - Strandkatthale
Flott rosalilla staude. Blomstrar i juli - august. Omlag 80 - 90 cm høg. Lettstelt og salttolerant. H6







Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster
Den vakraste av søstrene og ein av dei staudane eg er mest glad i. Nydeleg lilla farge som så absolutt ikkje kjem til sin rett på desse bileta. Blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg. Danner etterkvart ei stor tue. H8.





Monarda didyma lilla hestemynte.
Nydeleg lilla farge. Denne blomstrar litt seinare enn den raude. Duftar nydeleg og er omsverma av humler til langt ut på hausten. Blomstrar ofte til frosten kjem. Kan også brukast til te og salat. H6




Muscari - Perleblomst
Søt lita løkblomst som blomstrar tidleg om våren. Det vil nok ta nokre år frå den blir sådd til blomstring. Omlag 10 cm høg. Toler godt kulde.




Nepeta x faassenii - Kattemynte
Omlag 30 cm høg, lang blomstringstid juni - september. H5



Papaver orientale 'Coral Reef' TOMT
Lekker rosa orientvalmue. Blomstrar i juni - juli. Omlag 80 cm høg. H7




Papaver orientale 'Nana Allegro' - Orientvalmue TOMT
Verkeleg eit blikkfang i hagen. Flott raud farge. Omlag 80 cm høg. H7




Papaver lateritium 'Flore Plena'
Søt liten valmue som blomstrar lenge. Frå juni til langt ut i oktober. Frørsår seg ein del, men er enkel å luke. 40 - 50 cm høg. H7





Paradisea liliastrum - Graslilje
Søt lita staude/urt som også passer godt i fjellhagen. Blir omlag 50 cm høg. Dufter godt. H6 så den kan klare seg i det meste av landet.





Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad.
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Først kjem den med blomster, så kjem blada som er flikete med mørke flekker og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Skuggetolerant. Her får du meir informasjon og såtips. Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.




Polemonium caeruleum - Fjellflokk
Blir også kalt Jakobs Stige. Blomstrar i juni - august. Omlag 80 cm høg. H7



Primula denticulata - Kuleprimula mix
Kuleprimula er eit must i hagen min, og eg set ekstra pris på den fordi den er noko av det første som dukker opp om våren. Miks av lilla og kvit. Omlag 25 cm høg. Blomstrar i april - mai.





Primula polyanthus mix
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul. H6




Primula veris - Marianøklelblom
Søt lien primula som etterkvart vil danne ei lita tue. Omlag 20-30 cm høg Blomstrer i mai - juni. H6



Pulsatilla vulgaris - Kubjelle
Flott staude som er ein av dei første som kjem om våren. Omlag 20 cm høg. Blomstrer i april - mai. H7






























Pulsatilla vulgaris 'Rubra' - Kubjelle TOMT
'Rubra' er den raude varianten av kubjelle. Flott den også :-) April - mai. 20 cm. H7




Saxifraga urbium variegata - Skyggesildre
Skyggesildre med variegerte blad. Blomstar i mai-juni. Veldig lekker i samplanting med Hosta. Omlag 20 cm høg. Danner rosetter som sprer seg sakte utover. Enkel å dele og passer godt som kantplante. Usikker på herdigheit, men trur den toler det meste.




Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre
Søt lita staude som blomstrar i mai - juni. Dannar tette tuer og blir omlag 20 cm høg. H6-7





Silene asterias - Stjernesmelle
Flott staude med lange stilker og på toppen ein rund kule som minner meg om Allium. Omlag 70 cm høg. H4.




Sisyrinchium angustifolium - Sivlilje
Veldig søt liten staude med ein nydeleg blå farge. Passer også godt i ein fjellhage.20 - 30 cm høg. Blomstrer i juni - august. H6. Blir også kalt smalblåøyegress.




Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrer i juni - august, ca 50 cm høg. H7



Thalictrum aquilegifolium lilla - akeleifrøstjerne
Vakker staude som svevar over dei andre plantene i bedet. Omlag 150 cm høg. H8



Thalictrum aquilegifolium mix kvit&lilla - akeleifrøstjerne.
Kom dessverre til å blande frø av den kvite og lilla så har også pakker med miks av begge.


Trollius europaeus - Ballblom
God gamal staude som blomstrer i mai - juni. Omlag 60 - 70 cm høg.



Trollius ircuticus - Sibirballblom
Litt annleis ballblom med opne blomstrer. Lekker gul/orange farge. Blomstrer i juni - juli. Omlag 70 cm høg. H 6-7





Tropaeolum peregrinum - Kanariblomkarse
Hurtigvoksende klatreplante med artige blomster og flikete blad. 1-årig sommerblomst. Omlag 2 meter og kan både klatre og henge. Forkultiveres inne i april eller så direkte ut i mai. Legg frøa i vatn eit døgn før ein sår.


Verbena bonariensis - kjempeverbena.
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrer til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt!  Humler og sommarfuglar elskar denne! Ein av mine favoritter. For fleire bilder sjå her




Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Flott rosa farge. Blomstrer i mai - juli. Omlag 40 cm høg.



Wulfenia carintiaca
Lite kjent staude som eg ikkje har funne noko norsk namn på. H7. Omlag 30 cm høg. Blomstrer tidleg vår. (bilete lånt frå nettet)





DIVERSE TIL KJØKKENHAGEN

Luftløk


Luftløk er reine kinderegget. Både toppløk, stengelen og løkane kan etast. Eit "must" i kjøkkenhagen. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaka. Hardfør. Små løk med ulik storleik. NB: Porto for luftløk ca kr 48,- 




Kvitløk

Om alt i kjøkkenhagen slår feil blir kvitløken alltid vellukka :-) Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist, og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn bulbiller/frø av 2 ulike sortar. Estisk Rød og den populære Valdresløken. Ein sort som opprinneleg kjem frå eit kloster i Kviterussland og no blir dyrka i fengselshagen i Valdres. 

Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om kvitløken frå Kviterussland. Begge sortane er hardneck. Første året vil dei bli som små kinesiske kvitløk og det vil nok ta 2 år før dei dannar fedd. Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar, og her finn du ei Facbookside om kvitløksdyrking. Bulbillane kan settes vår eller haust.




For nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er den vel verd å ta vare på.



Ca storleik på bulbiller av Estisk Rød og Valdreløken, kan variere.






DIVERSE URTER OG GRØNSAKER




Allium fistulosum - Vårløk
Visste du at vårløk kjem igjen år etter år? Om du berre haustar inn av stilkane vil ha den i mange år. Allereie i april kjem den med nye friske skot og du kan haust inn langt etter at frosten har kome. Eg har tatt inn vårløk midt på vinteren. (Bilete er tatt i slutten av april)



Brassica oleracea 'Scarlet' - Grønkål
Den raude varianten av grønkål, men like sunn. I moderate mengder god i salat og veldig dekorativ. Veldig god i supper og du kan også lage pesto eller supersunn chips. På nettet finn du mange gode oppskrifter. 2-årig.




Brassica rapa ssp. chinensis - Pak Choy
Miks av ulike sortar Pak Choy. Kan bli ulik dei på bilete. God i rå salat, flott i wok og mykje anna. Trives med kjøleg forhold og toler litt frost. Denne må eg så kvart år.




Brassica rapa var. japonica - Mizunakål
Veldig god salat. Sprø og med mild smak. Lett å dyrke og veks fort. Ein favoritt. Kan også dyrkast innandørs heile året.




Diplotaxis tenuifolia - Vill ruccola
Ruccolasalat med kraftfull og krydra smak. Alltid kjekt med det ein slepp å så kvart år. Denne ruccolaen kjem igjen år etter år. Danner rosetter og du kan hauste fleire gonger i sesongen. Hardfør. 




Levisticum officinale - Løpstikke (kjærleiksurt)
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. Ypparleg til urtesalt. For meir info sjå her



Allium tuberosum - Kinesisk grasløk
Kraftigere blad enn på den vanleg grasløken. Smaker svakt av kvitløk.


Eg har også frø av ein miks av Brassica juncea var. rgosa - Asiasalat 
(Sjå frøliste nedst i innlegget)

For bestilling gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)

Her viser eg korleis eg sår staudar.
Det meste av frøa eg sel kan ein så med denne metoden.


Merka med GULT = FRØ IKKJE MODNE ENNO
Merka med RAUDT = TOMT


FRØ AV STAUDAR, BUSKERANT FRØPRIS
Allium cernuum - Prærieløk2020,-
Allium cernuum mørk lilla - Prærieløk TOMT2020,-
Allium vinale 'Hair' - Strandløk1020,-
Anisodontea capensis - Blomstrende bjørk3020,-
Aquilegia 'Heidi' - Villakeleie TOMT5020,-
Aquilegia gul - Akeleie TOMT5020,-
Aquilegia kvit - Akeleie5020,-
Aquilegia mix - Akeleie10020,-
Armeria hybrida - Fjørekoll5020,-
Astrantia major  rosa - Stjerneskjerm3020,-
Astrantia major 'Roma' - Stjerneskjerm TOMT 1520,-
Astrantia major 'Venice' - Stjerneskjerm TOMT1520,-
Astrantia major kvit - Stjerneskjerm1520,-
Clematis alpina 'Ruby' TOMT1520,-
Clematis macropetala blå 'Large Hybrids'2020,-
Clematis macropetala kvit 'Large Hybrids'2020,-
Delphinium blå mix - Ridderspore 2020,-
Delphinium elatum 'Misty Mauve' - Ridderspore TOMT2020,-
Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - Ridderspore TOMT2020,-
Dianthus barbatus nigrescens 'Sooty' - Busknellik5020,-
Digitalis purpurea kvit - Revebjelle10020,-
Digitalis purpurea lilla - Revebjelle10020,-
Digitalis purpurea rosa - Revebjelle10020,-
Dodecatheon meadia - Gudeblom TOMT3020,-
Echinops ritro blå - Kuletistel 1520,-
Echinops ritro kvit - Kuletistel TOMT1520,-
Erigeron borealis - Bakkestjerne3020,-
Eryngium bourgatii - Pyrenestikle3020,-
Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom5020,-
Hemerocallis lilioasphodelus - Daglilje1020,-
Hosta mix1520,-
Iris pseudacorus - Sverdlilje1020,-
Iris sibirica - sibiriris1020,-
Knautia macedonica 'Crimson Scabious' - Makedoniarødknapp1520,-
Kolkwitzia amabilis - Fagerbusk 1020,-
Lavandula angustifolia - Lavendel3020,-
Leontopodium alpinum - Edelweiss5020,-
Lilium martagon mix rosa&kvit TOMT1520,-
Lychnis coronaria kvit - Fløyelstjæreblomst10020,-
Lychnis coronaria rosa - Fløyelstjæreblomst10020,-
Lythrum salicaria 'Rosy Gem' Strandkatthale5020,-
Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster5020,-
Monarda didyma lilla - Hestemynte1020,-
Muscari blå - Perleblomst5020,-
Nepeta x faassenii - Kattmynte5020,-
Papaver lateritium 'Flore Plena' - Valmue10020,-
Papaver orientale 'Coral Reef' - Valmue TOMT 5020,-
Papaver orientale 'Nana Allegro - Valmue TOMT5020,-
Paradisea liliastrum - Graslilje2020,-
Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad1020,-
Polemonium caeruleum - Fjellflokk5020,-
Primula denticulata mix - Kuleprimula10020,-
Primula polyanthus mix - Primula5020,-
Primula veris - Marianøkleblom3020,-
Pulsatilla vulgaris 'Rubra' - Kubjelle TOMT 2020,-
Pulsatilla vulgaris lilla - Kubjelle2020,-
Saxifraga urbium variegata - Skyggesildre10020,-
Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre10020,-
Silene asterias - Stjernesmelle10020,-
Sisyrinchium angustifolium - Sivlilje5020,-
Stachys grandiflora - Prydsvinerot1520,-
Thalictrum aquilegifolium lilla - Akeleiefrøstjerne2020,-
Thalictrum aquilegifolium lilla&kvit mix - Akeleiefrøstjerne2020,-
Trollius europaeus - Ballblom3020,-
Trollius ircuticus - Sibirballblom3020,-
Verbena bonariensis 'Buena' - Kjempeverbena2020,-
Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - Tjæreblom10020,-
Wulfenia carinthiaca10020,-
 Lavatera thuringiaca - Poppelrose20  20,-
 Tropaeolum peregrinum - Kanariblomkarse15  20,-
GRØNSAKER, URTER OG KVITLØK  
Allium × proliferum - Luftløk520,-
Allium fistulosum - Vårløk5020,-
Allium tuberosum - Kinesisk grasløk2020,-
Brassica juncea var. rugosa - Asiasalat mix5020,-
Brassica oleracea 'Scarlet' - Raud Grønkål5020,-
Brassica rapa ssp. chinensis. - Pak Choy mix5020,-
Brassica rapa var. japonica - Mizunakål5020,-
Diplotaxis tenuifolia - Vill ruccola10020,-
Levisticum officinale - Løpstikke3020,-
   
   
Kvitløk Estisk Rød (bulbiller)2020,-
Valdreskvitløken (bulbiller)2020,-



Aquilegia mix 
Eventyrblanding med ca 15 ulike akeleier i alle slags fargar, enkle og fylte. Dei fleste akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. Dette er ein frømiks av alle dei andre eg har. Herher og her finn du bilete av dei ulike variantane. H8






Du finn meg også på Instagram

Ingen kommentarer: